Pelseigenskapar


Ein artikkel av Andrea Becker. Oversett av Siv Jensen, med løyve av forfatter.

Originalartikkelen finner du her.  

 

RUSSISK TSVETNAYA BOLONKA – LITT MEIR ENN BERRE EIN LANGHÅRA HUND13932138_10205897785118589_896751094_o

Pelsen til ein hund av rasen Russisk Tsvetnaya Bolonka (RTB) viser fleire typiske kjenneteikn:

Tre grunnleggande pelseigenskapar:

  • Pelsen er langhåra på heile kroppen, på hale, på øyrer i ansiktet og rundt heile beina
  • Pelsen har store krøllar eller bølger
  • Pelsen røyter ikkje

RTB høyrer til Bichongruppa og har ein pels som kan beteiknast som typisk Bichonpels. Også hundar som ikkje tilhøyrer Bichongruppa kan ha liknande pels, som t.d. Shih Tzu, Lhasa Apso eller Puddel. Pelsen til alle desse hundane skil seg ved å vere enten glatt eller bølgete eller krøllete.

På bildet ein RTB med store bølger til krøllar i pelsen og mykje pels på fram- og bakbein.

 

RTB er utan tvil ein langhåra hund – men pelsen til ein RTB er mykje meir enn berre langhåra. Difor skil den seg frå hundar som «berre» er langhåra, t.d. Papillon, langhåra Chihuahua, langhåra Collie, Cavalier King Charles Spaniel etc.

Kva er det som gjer ein RTB til meir enn berre ein langhåra hund? Punkta som er skildra ovanfor gjer at RTB kan kallast ein langhåra hund med furnishing og krøller eller bølger.

  • Men kva ligg til grunn for den rasetypiske pelsen til Russisk Tsvetnaya Bolonka? Kva betydning har nedarving av eigenskapane langhår, furnishing og krøllar/bølger?
  • Kvifor finnast reinrasa RTB med ein pels som ikkje følger rasestandard og gir dei raseutypisk utsjånad?
  • Korleis kan eg finne ut kva geninformasjon min hund bærer som kan påverke pelsen?
  • Kvifor kan pelsen på ein RTB variere så sterkt?

 

Manglande furnishing – når pelsen er mangelfull

Ein utsjånad av pelsen, som – om ein ser på årsaka – feilaktig har blitt kalla korthårig eller stockhaar. Ser ein avgrensa berre på det optiske resultatet (fenotype), er dette ein pels, som ofte kallast lang stockhaar. Pelsen er kortare enn standarden til RTB og hunden har ikkje typisk hårvekst i ansiktet. Årsaka er mangel på ein genmutasjon, som fører til noko ein i eit samlebegrep kallar «Furnishing»

Av og til opplever oppdrettarar av RTB, at det i eit kull dukkar opp ein eller fleire kvalpar, som har pels som utviklar seg mindre enn hos dei andre kvelpane. I starten er det vanskeleg å sjå dette, då RTB kjem til verda med kort pels. Først etter fem til seks veker, når pelsen tek til å vakse, kan oppdrettar litt etter litt sjå, at framsida av beina har kortare hår enn hos dei andre kvalpane og ikkje minst, at dei typiske ansiktstrekka, som bart og augebryn er mangelfulle eller ikkje veks. Etter kvart vert kvelpen meir og meir ulik søskena sine og andre RTB. I vaksen alder har man då ei hund som slett ikkje liknar på ein RTB – for også på ein Bolonka kan ein bruke uttrykket: «kle skaper folk».

langhaar_ohne_furnishing-1

 

Langhår utan Furnishing

Slik kan ein vaksen RTB sjå ut, dersom pelsen er mangelfull.
Kortare pels viser meir av det som er under håra.
Ein RTB utan furnishing kan ha veldig ulik utsjånad, alt etter type og kroppsbygnad

 

 

 

langhaar_mit_furnishing

 

Langhår med Furnishing

Ønskepels hos vaksen, uklipt RTB.
Hunden på teikninga har i tillegg store krøllar, slik det er ønska i rasestandard.

 

 

 

 

 

Kva ligg til grunn for den rasetypiske pelsen til ein Russisk Tsvetnaya Bolonka?

Pelsen til ein RTB er samansett av tre grunnbyggesteinar, som vi må sjå på etter kvarandre. Desse tre byggesteinane dannar fundamentet for ein rasetypisk RTB pels.

Ikkje alltid er det mogleg å seie noko om genmaterialet til ein hund berre ved å sjå på hunden eller forfedre. I litteraturen skil ein mellom fenotype (det vi ser) og genotype (arvematerialet).

Arveanlegga , genane, finn vi i cellekjerna, plasserte på kromosomar. Hos hunden har kvar celle i kroppen 78 kromosomar, eller 39 kromosompar. Dei to kromosomane i eit kromosompar har like funksjonsområder (t.d. augefarge, pelslengde, pelsfarge) men kan ha ulike variantar av eigenskapen. (t.d. brune auger, blå auger…)

Kvart kromosom har sitt eige genmønster. Genane har sin heilt bestemte plass (=locus) på kromosomet. Ulike eigenskapar av genet som sit på locus kallast alleler. Ein allel pr kromosom, to allelar pr kromosompar. Dei to allelane i kromosomparet bestemmer kva variant av ein eigenskap som som går i arv.

I artikkelen blir følgande begrep brukte: Gen for langhår, gen for furnishing og gen for bølgete pels. Dette for å gjere det lettare å forstå dersom ein har lite kjennskap til genetikk. Strengt tatt er det ikkje snakk om gen, men om alleler.

 

Første byggestein – langhår

Som nemnt i innleiinga om pelsen til RTB, er ein RTB ein langhåra hund, som t.d. også papillon, langhåra chihuahua, cavlier king charles spaniel. Når det gjeld langhår er RTB genetisk lik desse rasene, alle har genet for langhår i sine kromosompar. Ein hund er fenotypisk enten korthåra eller langhåra, genotypisk er det ikkje like enkelt.

Korthår (L) er det «normale» og har dominant nedarving og langhår (I) har recessiv nedarving. Det vil seie at ein langhåra hund må ha genet for langhår dobbelt, på begge locus i kromosomparet.

Følgande kombinasjonar er moglege når det gjeld pelslengde

 Gen kombinasjon  Fenotype   Genotype
  LL   Korthår   Korthår
  Ll   Korthår   Korthår (bærer av eigenskapen langhår)
  ll   Langhår   Langhår

Med andre ord:

  • to langhårige hundar (genotypisk II) kan dermed aldri få korthåra kvalpar
  • to korthåra hundar kan få langhåra kvalpar dersom dei begge er bærarar for eigenskapen langhår (genotypisk LI)

 

Andre byggestein – Furnishing, «det vesle ekstra»

No veit vi at ein RTB er meir enn ein hund som «berre» er langhåra. Dette skuldast eigenskapar som kallast furnishing: beina har lang pels også på framsida og ansiktet har lang pels (augebryn og bart). I tillegg kan ein seie at heile pelsen er litt lenger, den røyter ikkje. Furnishing er eit anna gen og ein annan locus enn langhår og dermed ein vidare byggestein for pelsen til ein RTB. Furnishing (F) har dominant nedarving, det betyr at eit gen er nok til at eigenskapane er å sjå hos ein hund. Nonfurnishing, eller «vanleg» hundepels, (f, i nokre kjelder N) har recessiv nedarving og må difor vere dobbelt til stades for at ein hund skal mangle furnishing.

Følgande kombinasjonar er moglege når det gjeld furnishing:

  Gen kombinasjon    Fenotype   Genotype
  FF   Hund med furnishing   Hund med furnishing
  Ff   Hund med furnishing   Hund med furnishing (bærar av nonfurnishing)
  ff   Hund med nonfurnishing   Hund med nonfurnishing

Med andre ord:

  • to langhårige hundar med furnishing (genotypisk FF eller Ff) kan få kvalpar i kullet med nonfurnishing, dersom begge foreldre er bærarar av genet for nonfurnishing
  • to hundar med nonfurnishing kan ikkje få kvalpar med furnishing (genotypisk ff)
  • Det rasetypiske utsjånaden har pelsen til ein RTB fordi langhår og furnishing er kombinert med kvarandre. (II FF, men også II Ff)

 

Tredje byggestein – curly, «prikken over i’en»

For å fullføre den typiske RTB pelsen, trengst ein tredje byggestein, eigenskapar som sit på eit tredje gen på eigen locus på kromosomen.

Pelsen til ein RTB skal ha store krøllar eller bølger. Genet for krøller og bølger, her brukast det engelske begrepet curly, har som langhår recessiv nedarving. Curly (Ca) må vere dobbelt til stades for å få utprega krøller eller bølger. Noncurly (ca) har dominant nedarving og ein hund med glatt pels kan vere bærar av curly. MEN – eigenskapen for krøller og bølger i pelsen kan i tillegg vere påverka av andre modifiserte genar. Difor kan ein RTB som ikkje er homozygot for krøllar/bølger (Caca)likevel ha pels som ikkje er heilt glatt.

 

Pelsvariant er multifaktorell

Tre ulike arvefaktorar er naudsynte for å bygge fundamentet for ein rasetypisk pels hos RTB: Mutasjonane for langhår, for furnishing og for krøllar/bølger. Difor høyrer RTB til dei hundane som har ein pelsvariant som er multifaktorell. Dette var ei forenkla skissering av kva som ligg til grunn for pelsen til RTB. Fleire eigenskapar enn desse tre grunnleggande spelar inn og kan spele ei rolle for ein oppdrettar.

 

Bestemming av genotype for pelskvalitet

Dersom ein vil vite kva genkombinasjonen eigen hund har når det gjeld pelskvalitetar, har ein to moglege vegar til målet:

  • Finne ut genotype sjølv
  • Teste hunden på genotype ved eit laboratorie
  • Det er lurt å starte med det minst inngripande først

Første skritt vil då vere å sjølv prøve å finne ut kva genotype hunden har. Dette er mogleg, ved å betrakte fenotype og tilgjengeleg informasjon om forfedre og eventuelle etterkomarar, men og informasjon om andre slektningar. Er det fare for at ein hund kan vere bærar av uønska genmaterial – t.d. fordi uønska eigenskapar førekjem hos slektningar – og det ikkje er mogleg å sjølv finne ut kva genotype hunden har, kan ein få gjennomført genetiske testar i eit laboratorie.

 

GENTEST FOR Å BESTEMME GENOTYPE FOR PELSKVALITET?

Vi er glade for at vi fekk løyve til å oversette sidene til Andrea Becker om pelseigenskapane til Russisk Tsvetnaya Bolonka. Det er godt å ha kontakter som vil dele sin kunnskap med oss. Det å oversette hennar tekstar har vore lærerikt og ført til eigne refleksjonar rundt temaet. Dei tre byggesteinane for pelsen til ein RTB, langhår, furnishing og curly, er forska på og det finnast gentestar for desse tre genlokalisasjonane (loci).

I praksis treng ein ikkje teste ein RTB for genkombinasjonen for langhår. Eigenskapen langhår har, som tidlegare forklart, recessiv nedarving og må vere dobbelt til stades for at ein hund skal vere langhåra. Ein fenotypisk langhåra hund er dermed genotypisk homozygot (ll). Det vil seie at det ikkje finnast bærarar for korthår blant langhåra hundar. To langhåra hundar kan dermed aldri få korthåra kvalpar.

Når det gjeld furnishing er dette litt meir differensert. Furnishing (F) har dominant nedarving, det betyr at eit gen er nok til at eigenskapane er å sjå hos ein hund. Med andre ord, ein hund med fenotype furnishing kan vere både genotypisk homozygot (FF) og genotypisk heterozygot (Ff) for eigenskapen. Det vil seie at det kan finnast bærarar av nonfurnishing blant RTB som det ikkje er mogleg å få auge på.

Om ein hund fenotypisk manglar furnishing derimot, har vi mange opplysningar. Hunden må vere genotypisk homozygot for nonfurnishing (ff). Det vil igjen seie at begge foreldre av dyret må vere bærarar av nonfurnishing, altså genotypisk heterozygot for furnishing (Ff).

Det er i dag ved hjelp av gentest mogleg å finne ut genotype for furnishing (locus RSPO2), for å finne ev. genotypisk heterozygote hundar. Men før ein set i gang med massiv testing er det viktig å avklare kva ein skal bruke resultatet til. Nye raser, som RTB, er blitt til gjennom målretta, skrittvis kryssing av eldre raser. Historikken til rasen RTB viser at mange hunderaser har vore involverte for å få fram den flotte hunden vi ser i dag. Både for å fjerne uønska stor andel av kvitt og for å stabilisere fargen – men og for å auke genmaterialet gjennom tilføring av «friskt blod» til RTB populasjonen – har andre raser blitt kryssa inn. Ikkje alle desse hundane har vore genotypisk homozygot for furnishing (FF). Fordi eigenskapen har dominant arvgang, vil det fenotypiske resultatet vere ein langhåra RTB med furnishing. Slik kan eigenskapen for nonfurnishing ubemerka gå i arv gjennom mange generasjonar før to bærarar (genotypisk heterozygot Ff) blir parra, med det resultatet at enkelte kvalpar manglar furnishing.Viktig er å påpeike at desse kvalpane er like «reinrasa» som sine kullsøsken. Men dei bør utelukkast frå avl, då dei har ein utsjånad som ikkje følger rasestandard. Sett bort i frå utsjånaden er alle andre typiske RTB eigenskapar til stades.

Om resultatet av gentesting brukast til å utelukke alle hundar som er genotypisk (Ff), kan dette føre til at det arbeidet som i RTB si histore er gjort for å sikre genmangfald har vore fånyttes. Likevel kan det vere naudsynt å genteste for å finne rett kombinasjon av avlsdyr. Slik kan ein sikre at to bærarar ikkje parrast og unngå kvalpar med manglande furnishing. På sikt vil dette og tynne ut talet på bærarar av denne uønska eigenskapen.

Det er og viktig å halde fokus på at manglande furnishing ikkje er eit sjukdomsteikn. Det er heller ikkje kopla karaktereigenskapar til genet. Med andre ord må undersøkingar på avlsdyr for å utelukke arvelege sjukdomar, som arveleg patellaluksasjon, autoimmunsjukdom og augesjukdom ha førsteprioritet i avlsarbeidet. Fokus på pelsgenetikk må aldri ta fokus vekk frå helsegenetikk. Rasen si sunnheit må alltid vere viktigare enn rasen sin utsjånad!!

 

Kjelder:

«Genetikk, avl og opdrett» 3. utgåve, Astrid Indrebø.

Andrea Becker: http://bolonka-coat-and-colour.jimdo.com/fell-des-bolonka
Oversett av Siv Jensen, med løyve av forfatter