Pels


PELS

Bolonkaen har hår som veks heile tida. Pelsen skiftast ikkje ut etter årstidene, noko som betyr at ein bolonka ikkje røyter. Rasen vert ofte beteikna som allergivennleg nettopp på grunn av dette. Allergi mot kjæledyr er oversensitivitet mot proteinar, såkalla allergen. Desse allergenane kan vere i hår, flass, spytt eller urin. Har ein allergi og vil skaffe seg bolonka er det difor viktig å vere saman med rasen på prøve først.

Pelsen til bolonkaen kan klippast, men dette kan endre pelsstrukturen. Vil du vite meir om kva genetiske byggesteinar som ligg til grunn for den flotte pelsen til ein bolonka kan du gjerne lese meir om pelsvariasjon her.

13737684_803909346376824_6972006898972681884_o 14066459_814959441938481_8728872475792812740_o-2

Klipp av pelsen kan og endre fargen. Dette fordi enkelte fargar har ulik farge i botn og tuppar av kvart enkelt hår. Klipp ein då vekk tuppane ser ein stor endring. Meir om temaet klippe eller ikkje klippe finn du her.

Bolonkaen er ein fargerik rase. Namnet russisk tsvetnaya bolonka betyr jo og «russisk farga knehund». Vi håper at bolonkaen vil behalde mangfaldet i fargar. For å greie det er det viktig å tenkjer fargemangfald også i avl. Vil du vite meir om fargane til bolonkaen, så les vidare her.

 

 

Tusen takk til alle som har bidratt med bilder for at vi kan legge ut informasjon om fargar og pels 🙂 🙂