Klippe eller ikkje klippe


Vi forstår at mange synes pelsstell er utfordrande hos bolonkaen, spesielt krev perioden der pelsen skiftar frå kvalpepels til vaksenpels mykje arbeidsinnsats. Vi håper at artikkelen nedanfor, som vi har fått lov til å oversette og bruke på informasjonssida vår, kan forklare litt – og kanskje motivere litt – til å halde ut. Det er ikkje så mykje som er flottare enn ein bolonka i fullpels 🙂

 

PELSEN TIL BOLONKAEN

(Eller… må eg til hundefrisør med bolonkaen min…..)

Ein artikkel av Andrea Becker
Oversett av Siv Jensen

 

Ein bolonka har «under»ull. Du får ikkje ein bolonka utan – det hadde vore eit under. Ein må berre lære å sjå kva som er «under»ull. For å greie dette, må ein vite om nokre fakta:
Underulla er eigentleg ikkje underull. Begrepet fører oss bak lyset. Pelsen til bolonkaen har alltid to hårtyper: ullhår og dekkhår. Ullhåra blir og lange – men, om ein aldri klipper pelsen blir dei ikkje så lange som dekkhåra.
– Ullhåra er finare og vanlegvis tydeleg mjukare enn dekkhåra.
– Ullhåra er mindre farga enn dekkhåra.
– Ullhåra veks fortare enn dekkhåra.
– Ullhåra har kortare levetid enn dekkhåra (og vert fargelause eller grå hos hundar med mørk pels)

Det ein kjemmer ut er først og fremst ullhår – og nesten ikkje dekkhår.
Det som vert flokete er ullhåra (dekkhåra blir berre litt ruskete)
På øyrene og snuten veks først og fremst dekkhår. Under øyrene derimot er det mykje ullhår.
Om hunden vert ofte klipt, vinn ullhåra over dekkhåra – ganske enkelt fordi dei veks fortare.
Då består pelsen først og frems av ullhår. Hunden kjennes mjuk og silkeaktig og har, om mutasjonen for krøller er til stades, bra med krøllar. (Du finn lite krøllar i dekkhår, krøllar treng mjuk ull). Fargen til bolonkaen har også lysna, mørke hundar virkar grå.
Hos mange bolonkaer (og andre bichonar) består pelsen nesten utelukkande av ullhår, nettopp fordi dei er blitt klipt så ofte.
Dette fører igjen til at vi menneske misforstår og trur at bolonkaen ikkje har underull, eller ullhår. Når dekkhåret er trengt bort kann vi jo ikkje erkjenne to hårtypar. Hundfrisørar som ikkje kjenner rasen godt nok kan og oppfatte dette slik.

Bolonkaen skal, i følgje standard, ha rikeleg med pels og godt utvikla underull. Eg er sikker på at ei betre oversetting frå russisk hadde vore at bolonkaen skal ha rikeleg med ullhår.
Om bolonkaen berre hadde dekkhår, hadde den hatt hår som var likt menneskehår. Mange påstår at det er slik, men dette er langt frå realiteten.
Når den kjem til verda har ein bolonka nesten berre dekkhår. Så tek kvalpeulla til å vokse. Frå 6 månadars alder startar pelsskiftet frå kvalpepels til vaksenpels. Når den er 9 månader er prosessen komen så langt at død kvalpeull tovar ekstremt, spesielt heilt inne ved huda. Dette fordi kvalpeulla må fjernast. Vi har jo ein hunderase som ikkje mister hår av seg sjølv. Det tek lang tid før det heile er over.

Også skifte i årstider merkast. Om våren og hausten skiftast ullhår ut og ein merkar at ein må kjemme meir for å unngå tover enn andre tider på året.
Om pelsen ikkje blir klipt, eller berre av og til litt stussing av hårtuppar, vinn dekkhåra med tida over ullhåra og pelsstell vert mykje lettare. Dette tek lang tid.
Om ein alltid klipper pelsen temmeleg kort og dermed lar bolonkaen ha ein pels beståande først og fremst av ullhår, er pelsstellet også lettare. Men ein må hugse på at dei døde ullhåra ikkje fjernast ved klipping. Dei fjernast berre ved å børste eller kjemme intensivt – på same måte som ved pelsstell av lang pels.
Generelt kan ein seie at bolonkapelsen er bygd opp individuelt. Dette gjer oss også forvirra. Nokre har verkeleg rikeleg med ullhår, andre berre så vidt. Nokre har langt ullhår, andre kortare (med andre ord meir som «under»ull).

Også dekkhåra er av ulik kvalitet frå hund til hund. Hos nokre er dei mjuke, nesten som ullhår, hos andre temmeleg harde.